Bagn Bygdesamling
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Samlingane

Bagn Bygdesamling er bygd opp rundt gardstunet frå Islandsmoen, telthuset frå Vangen på Bagn, forpaktarbustaden frå prestegarden på Bagn og administrasjonsbygningen. Tek du stigen bort til Islandselva, kan du mellom anna sjå ei oppgangssag, smie, bekkekvern og badstugu. Gangbrua over Islandselva fører deg til skogsavdelinga, med skogskoia, naustet og naturstigen. 

Smettbakbua frå 1796   

Smettbakbua, Telthuset og Stabelbygningen

Smettbakbua, ei seterbu frå 1796, er det fyrste huset som vart sett opp på Bagn Bygdesamling. Innreiinga syner korleis budeia budde og arbeidde i gamal tid. Telthuset frå ekserserplassen Vangen på Bagn er ein gamal militærbygning. I dag inneheld huset ein snikkarverkstad og ei utstilling om tradisjonell skogsdrift frå tida før motoriseringa. Her kan du òg sjå gjenstandar knytta til tekstil bearbeiding på garden. Stabelbygningen var forpaktarbustad og storkjøken på Bagn prestegard og vart flytt til museet i 1971. Bygningen har namn etter Hans Jacob Stabel som var prest i Sør-Aurdal i 1806, då bygningen vart reist. Stabelbygningen inneheld i dag mellom anna landhandel og skreddar-, skomakar-, bokbindar- og urmakarverkstader.

Andre hus 

Andre hus på Bagn Bygdesamling er tradisjonelle gardshus med tilnærma originalt inventar. Låve og vognskjul inneheld gardsreiskapar. Ved Islandselva ligg ei oppgangssag, flytt til museet i 1944. Her står òg ei bekkekvern frå 1798, ei smie og ei badstugu. På sørsida av Islandselva ligg ein kopi av ei gamal skogskoie og eit naust. Administrasjonsbygningen inneheld resepsjon, kontor og arkiv med eige avdeling av Opplandsarkivet, samt utstillingar med tekstilar, bunadar, husgeråd og fangstreiskapar og ikkje minst krigsutstillingen om kamphandlingane i Bagn i 1940. Du kan òg mellom anna sjå film om Mikjel Fønhus og høyre opptak av Ola Brenno på langeleik og Sigurd Islandsmoens musikk. 

Fotosamling og delar av Opplandsarkivet

Ved museet fins det ei fotosamling med ca. 3500 gamle bilete frå heile Sør-Aurdal. I kjellaren i administrasjonsbygget blir det oppbevart ca 120 arkiv frå ulike lag og foreninger frå kommunen.

 



 

12. august kl. 12:00-16:00BS: Bufardag12. august kl. 14:00-16:00VF: Indian Summer Meet