Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Bok i Valdres 2018

Publisert 06/11/2018

BOK I VALDRES - 15. NOVEMBER


Program

18.00 Dørene opnar for boksal
19.00 Alice Gudheim samtalar med Tharaniga Rajah: Det er lenge til skumring
19.45 Jazzinnslag ved Kristina Gyllensvärd og Sigrun Bjørgo, Fredrik Dieserud les dikt
20.00 Pause (boksal, open museumskafé)
20.30 Birgit Haugen: Mjølkevegen med avstikkere
20.45 Gunnar Hauge og Frode Rolandsgard: Stølane i Vestre Slidre
21.00 Fleire lokale forfattarar
22.00 Slutt

 
THARANIGA RAJAH debuterer med boka om Raisa og dottera Násti. Dei reiste heim til Finnmark då Noreg sette i gang med utreinsking av samane. Saman med andre samar går Raisa inn i kampen for ein samisk stat. Boka kan lesast som ei skildring frå ei alternativ norsk verkelegheit, men det er ikkje vanskeleg å dra parallellen til fridomskampar andre stader i verda. ALICE GUDHEIM samtalar med Rajah, og vi får kanskje vite kvifor ei norsk jente med tamilsk bakgrunn vel å leggje handlinga i den første romanen sin til eit samisk miljø.

BIRGIT HAUGEN er «jobbsyklist» og har sykla Mjølkevegen frå Golsfjellet og inn i Valdres-fjell, med avstikkarar. Ho fortel i ord og bilde om dei fine opplevingane ein kan ha langs denne ruta, og presenterer boka si: Mjølkevegen med avstikkere.

GUNNAR HAUGE OG FRODE ROLANDSGARD fortel om boka Stølar i Vestre Slidre.

FREDRIK DIESERUD les eigne dikt frå boka Vi er ikke tid. 

8. november kl. Konsert med Waaler Værvågen og Andsnes11. november kl. 18:00Henrik Wergeland og folkemusikken