Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Konsert: I fotspora til Lindeman

Publisert 16/04/2018

Stiftinga Frydenlund inviterer til folkemusikkonsert sundag 29. april kl. 19 på Frydenlund i Aurdal. Marit Karlberg, Elisabeth Kværne og Henning Andersen har arbeidd med melodimaterialet etter komponisten og folketonesamlaren Ludvig Mathias Lindeman sine samlarferdar i Valdres i 1848 og 1865. På konserten får vi høyre mektige balladar, vakre salmetonar og friske småstubbar. Sal av kaffi og kake. Billettpris kr. 100/50. Velkomen!

For fyrste gong på meir enn 20 år møtast songaren Marit Karlberg, felespelaren Henning Andersen og langeleikspelaren Elisabeth Kværne til musikalsk samarbeid. Denne gongen er det melodimaterialet som folketonesamlaren Ludvig Mathias Lindeman skreiv ned i Valdres i 1848 og 1865 dei har gitt seg i kast med. Og sjølv om komponistar og arrangørar, slike som Edvard Grieg og Egil Monn Iversen, har brukt mange av Lindemann sine nedteikningar eigen musikk, har dei som oftast utelate Lindemann sin kjelder.

I konserten får vi høyre meir om desse kjeldene, kven dei var, kor dei høyrde heime, kva dei song og kva dei spelte. Vi får innblikk i møte mellom ein borgarleg kultur og ein folkeleg song- og musikktradisjon. På konserten får vi høyre balladen Nattergalen og vi får høyre alle utøvarane i samspel på langeleik.

Lindeman budde òg ei tid på Frydenlund, så denne gongen er skysstasjonen ei flott historisk ramme omkring ein konsert der kunnskapsformidling og musikk utfyllar einannan.

Konsertserien:
Stiftinga Frydenlund skipar i 2018 til ein konsertserie under tittelen «Musikk i nasjonalismens århundre». Det er musikk på 1800-talet og i møte med ulike kulturimpulsar som står i sentrum for konsertane. Serien blir til med støtte frå Norsk kulturråd, Nord-Aurdal kommune og Valdresmusea.

18. august kl. Landbruksdagen 201818. august kl. 12:00-15:00Temadag om jakt og fiske på Bagn Bygdesamling