Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Handverkaren - utstillingsopning

Publisert 05/12/2017

Handverkar, felemakar og smed. Tradisjonshandverk er kunnskap som blir vidareført frå generasjon til generasjon, men kven er menneska som ber desse kunnskapane med seg? Kven er handverkaren og korleis lever han livet sitt? Kva lyttar han til medan han tolmodig formar trevirket mellom hendene? Et han taco på fredagar? Broderte gardiner eller ingen gardiner?

 

Vi har for vane å plassere menneska i båsar og kategoriar. Tradisjonshandverkaren er ikkje noko unnatak og som oftast plasserer vi han i eit tradisjonslandskap – og berre der. Eller som Are Kalvø ein gong sa; dei som brukar nynorsk sit på eit rom i bunad, med Ivar Aasen på veggen og dopar seg på meieriprodukt. Og slik er mytane. Men stemmer desse med den kulturelle røyndomen? Anne Marte Før forsøker å gje svar – til mytane.

 

Utstillinga er støtta av Kulturrådet. Stiftelsen Fritt Ord og Valdres Natur- og Kulturpark 

         

7. desember kl. 17:30VF: Handverkaren - utstillingsopningen11. april kl. VF: Konsert med Holthe og Aspaas