Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Solokonsert med Ketil Bjørnstad

Publisert 03/10/2017

 
Valdresmusea inviterer til solokonsert med Ketil Bjørnstad sundag 29. oktober kl. 19.00 på Bagn Bygdesamling. Mange forbind Bjørnstads musikk med flotte og vakre songar, til dømes den inderlege ”Sommernatt ved fjorden”. På repertoaret står høgdepunkt frå heile hans allsidige karriere. Billettar tingar du på tlf. 61 35 99 00 eller du kjøper dei i butikken på Valdres Folkemuseum. Avgrensa plass, kjøp billett no. (Er det ledige plasser, sel vi sjølvsagt også billettar i døra). Inngang kr 250,-. Velkomen.

Bjørnstad har gitt ut ca. 30 bøker, dikt, romanar og biografiar. I 2007 kom romanen Elven, som er ein frittståande oppfølgjar til Til musikken (2004), sistnemnte en bok som Bjørnstad i september 2008 fekk den prestisje...tunge franske lesarprisen "Le prix des lecteurs 2008" for. Bjørnstads biografiske arbeider har også hausta stor nasjonal og internasjonal merksemnd.

Ketil Bjørnstad er utdanna pianist. Han viste tidlig at han hadde særs musikalske evner, men som 18-åring la han den klassiske musikken på hylla og begynte å spele med visesongarar, avantgarde-jazzmusikarar og andre kunstnarar frå 70-talets kreative musikkscene. Mellom hans mest kjende utgivingar finn vi Leve Patagonia, Messe for en såret jord og The Sea I og II. Bjørnstad er og kjend for samarbeidet sitt med Ole Paus, Lill Lindfors og Terje Rypdal.

Komponist, pianist og forfattar Ketil Bjørnstad er ein av Noregs store samtidskunstnarar. Med sine komposisjonar, betraktningar og ikkje minst sitt pianospill, har han gjort livet rikare for oss. 
 
Foto: Hans Henrik Asbjørnsen 
 

7. desember kl. 17:30VF: Handverkaren - utstillingsopningen11. april kl. VF: Konsert med Holthe og Aspaas