Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Foredrag: Emigrasjonen frå Valdres til Amerika

Publisert 25/09/2017

Foredragshaldar er Terje Mikael Hasle Joranger. Han er utdanna dr.art. i historie frå Universitetet i Oslo med temaet migrasjon og etnisitet. Joranger har vore tilsett ved Saint Olaf College i Minnesota, USA i samband med eit forskingsprosjekt om dagens norskamerikanarar. Dessutan har han skrive fleire fagartiklar om norsk immigrasjon til USA og tilpasninga til det amerikanske sanfunnet. For tida arbeider han med ei bok om danninga av ein norskamerikansk identitet. Joranger har vore leiar i NAHA-Norway, Det norskamerikanske historielaget i Noreg. Han arbeider i undervisningssektoren og har m.a. vore tilsett som lærar ved Valdres vidaregåande skule. Joranger er oppvaksen i Oslo, og eig slektsgarden på morsida i Reinli. Arr: Vennelaget for Valdres Folkemuseum

Bildet viser Amerikahuset på Valdres Folkemuseum, utvandrarhus frå Decorah, Iowa, som vart flytt tilbake til Valdres Folkemuseum i 2005/06. Foto: Anne Marit Noraker

7. desember kl. 17:30VF: Handverkaren - utstillingsopningen11. april kl. VF: Konsert med Holthe og Aspaas