Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Foredrag om framtidas forsvarspolitikk

Publisert 19/09/2017

Føredrag med offiser Robert Mood: 

KVA SLAGS SIKKERHEITSPOLITIKK TRENG EUROPA NO? 

Trusselbiletet endrar seg raskare enn nokon gong. Maktbalansen er ikkje slik han ein gong var. Korleis ser framtidas trusselbilete ut? Kva rolle skal NATO spele i åra som kjem? 

Tysdag 19. september kl. 18 kjem offiser Robert Mood til festsalen på Valdres Folkemuseum for å snakke om NATO, det nye trusselbilete og framtidas forsvarspolitikk. 

Robert Mood meiner det er tid for å sjå europeisk forsvar og sikkerheit på nye måtar. I siste utgåve av tidsskriftet Syn og Segn skriv han at «Det er nødvendig med eit stabilt, trygt og sterkt kontinent som ikkje berre diltar etter, men som òg har kapasitet til å agera sjølve, og har tyngd til å vera eit korrektiv. […] Sjølv om eit europeisk forsvar nok kan svekkja NATO ytterlegare, er det ein god idé viss tida er komen. Alternativet er at avhengnaden av USA vert stadig sterkare.» 

Robert Mood er offiser med mange års erfaring frå inn- og utland, i NATO og for FN i Midtausten. I dag er han konsulent og føredragshaldar. Robert Mood fekk i 2016 Fritt Ords Pris «for å ha vist stort ytringsmot i kritiske debatter om Forsvarets rolle i samfunnet».

Gratis inngang! Velkommen! 

28. juli kl. Foredrag på Bautahaugen om Hedalsdialekta4.-5. august kl. Etnedals-helg på Valdres Folkemuseum