Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Lær å legge tak med never og jord

Publisert 21/06/2017

Valdresmusea inviterar til kurs i nevertekking på Valdres Folkemuseum, 6. til 8. juli. Me skal legga tak på «Peisestuen» på tradisjonelt vis med never og torv. Huset vart flytt til museet i forrige veke. På taktroa legg me never og mose, så kvabb, silt eller leire som isolasjon, før me legg på torv frå jordet på stølen på museet. Velkomen til spanande dagar med Steinar Moldal frå Hjerleid som instruktør. Steinar har lang erfaring med mange type tradisjonshandverk og gode kunnskapar om mangt og mykje så her gjeld det å få med seg ny kunnskap!

Målgruppe: Handverkarar, huseigarar og andre interesserte.

Kostnad: Kr 1000,- inkludert enkel lunsj alle dagar (kr 800,- for medlemmar i Verne Vøla, Fortidsminneforeningen, eller dei som har årskort for Valdresmusea.

Overnatting: Fagernes Camping gir rabatt for deltakarar på bygningsvernkursa.

Meir informasjon: om både dette og dei andre bygningsvernkursa ved Valdresmusea kan du få ved å henvende deg til bygningsvernrådgjevar Odd Arne Rudi tlf 976 89 065, odd.arne.rudi@valdres.museum.no.

Påmelding: Til Odd Arne Rudi, sjå kontaktinfo over, innan 1. juli.

Arrangørar: Valdresmusea as

I samarbeid med: Verne Vøla og Valdres Natur og Kulturpark. Med pengestøtte frå: Oppland Fylkeskommune og Norsk Kulturminnefond.

22, 24, 26, 30 juni kl. Valdres Sommersymfoni: fire konsertar på Valdres Folkemuseum2.-8. juli kl. Kviisveka