Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Vandreforedrag med bygningsvernrådgjevaren

Publisert 21/04/2017

Odd Arne Rudi er bygningsvernrådgjevar ved Valdresmusea og har lang erfaring med bygningsvern frå arbeid som handverkar og restaurerar. Han har stor kunnskap om tre og kva slags tre som kan brukast til kva. Ikkje minst kan han fortelja om korleis folk i gamle dagar såg seg ut emne til ulike gjenstandar.

Oppmøtestad: Flatigarden på Valdres Folkemuseum (den gule store bygningen frå Etnedal). Etter vandringa samlast me til enkel servering i festsalen, og det blir høve til å stille spørsmål.

Arrangør: Vennelaget for Valdres Folkemuseum. Medlemmer i Vennelaget går gratis, medan andre betaler kr 75 for å vera med.

15. mars-26. april kl. 18:00-21:00VF: Kurs i treskjering, akantus25. april kl. 19:00VF: Vandreforedrag: Tre i bruk