Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Historia til Valdres jordbruksskule

Publisert 31/01/2017

Program:

Kl. 18.00: Årsmøte i Vennelaget for Valdres Folkemuseum
Alle medlemmer er velkomne til årsmøtet.

Kl. 19.30: Historia til Valdres jordbruksskule: Jan Arne Sebuødegård fortel frå historia til Valdres jordbruksskule og viser filmen som vart laga i samband med den store landbruksmessa ved skulen på 1950-talet. Sebuødegård var lærar ved Valdres vidaregåande skule, og har interessert seg mykje for historia til jordbruksskulen. Vennelaget oppmodar også tidlegare elevar til å koma og fortelja om minne frå skulen. Ta gjerne med bilete som museet kan skanne og leggje inn i Digitalt museum.

Det blir ei kaffistund mellom årsmøtet og foredraget som følgjer. 

Velkomen til Valdres Folkemuseum, torsdag 9. februar.

Arrangør: Vennelaget for Valdres Folkemuseum 

 

8. november kl. Konsert med Waaler Værvågen og Andsnes11. november kl. 18:00Henrik Wergeland og folkemusikken