Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Bygningsvernkurs i Valdres

Publisert 02/01/2017

Bygningsvernarbeidet har vore satsingsområde ved Valdresmusea sidan 2009. Formålet er å bidra til auka bevisstgjering og bevaring av bygningsarven i Valdres. Kvart år tilbyr vi 10-15 ulike bygningsvernkurs. I 2017 blir det mellom anna kurs i istandsetting av gamle ovnar, sjablongmåling, jarnproduksjon, lafting, smiing, tørrsteinsmuring, neverflekking og skifertekking av tak. Målgruppa er særleg huseigarar, handverkarar og andre med interesse for eldre handverksteknikkar. Eitt av kursa er retta mot ungdom. Kursa er svært populære og blir oftast fullteikna.

Oppland fylkeskommune, Kulturminnefondet, den lokale avdelinga av Fortidsminneforeningen Verne-Vøla og Valdres Natur- og Kulturpark er alle gode samarbeidspartnarar.

Kurskatalog for 2017 finn du her.

8. november kl. Konsert med Waaler Værvågen og Andsnes11. november kl. 18:00Henrik Wergeland og folkemusikken