Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Førjulsarrangementet Skarke

Publisert 07/11/2016

Velkommen til Skarke på Valdres Folkemuseum, sundag 4. desember klokka 12.00–16.00. Tida før jul blir kalla skarke. Då førebur vi oss til jul med bakst og rundvask. I skarka på Valdres Folkemuseum tenner vi fjøslyktene, koker kaffi og steller i stand til god, gamaldags førjulstid med både juleverkstad og marknad. Skarke blir arrangert for 22. gong og er eit tradisjonsrikt arrangement i Valdres.

Aktivitetar for barn og vaksne:
- Kanefart i friluftsmuseet
- Verkstader: støype lys, bake, julepynt, papirstjerner og sopelime
- Demonstrasjon av lefsebakst, trearbeid, firfletting og filering
- Forteljingar, folkemusikk og dans i Flatøygardsbygningen
- Tradisjonsrik basar v/Vennelaget kl. 15 i festsalen
- Ver med og pynt juletreet i peisestova gjennom heile dagen, juletreet blir tent kl. 16
- Utstillingar: Trygve Bjørgo (1916-1997), Langeleiken - heile Noregs instrument, mm.

Sal av lokale mat- og handverksprodukt:
- Fleire lokale produsentar sel mat- og handverksprodukt frå gapahukar ute på museumsområdet 
- Ute i husa blir det bakt lefser og julekaker og dei besøkande kan kjøpe med til julebordet.
- I museumsbutikken sel vi julenek og julegåver.
- Munkekroen serverer juletallerken og anna.

Inngang: Familie (2+2) 200; vaksne 80; barn 50; pensjonistar 70 

Godt samarbeid: Lokale handverks- og matprodusentar, Vennelaget for Valdres Folkemuseum og andre frivillige er med å skape Skarke på museet. Vil du vere med å bidra neste år? Ta kontakt! 

28. juli kl. Foredrag på Bautahaugen om Hedalsdialekta4.-5. august kl. Etnedals-helg på Valdres Folkemuseum