Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Stilt trør kvinner i sørgedans

Publisert 07/11/2016

Ei forestilling om tre kvinner frå tre ulike hundreår og forteljingane om deira liv og lagnad. I 1349 stengde ein far einaste dottera inne i stabbursloftet på garden. Slik skulle ho overleve svartedauden. I 1733 vart Liv Engebretsdotter avretta som den nest siste i Hallingdal, dømd for å ha teke livet av sitt nyfødde born. I 1861 emigrerte Gro Gudmundsrud 20 år gamal til Amerika for å kunne leve med mannen ho elska.

Dette er historier om kvinner som stod åleine med ei maktesløyse det kan vere vanskeleg å setje seg inn i. På kvart sitt vis var dei tvungne til å bryte opp frå alt det vante og kjære og stå einsame i verda. Korleis tenkte dei og kva drøymde dei om?

Margit Myhr - song og forteljing, Leif Stinnerbom - regi, Eldgrim Springgard - manus  
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard 

 

8. november kl. Konsert med Waaler Værvågen og Andsnes11. november kl. 18:00Henrik Wergeland og folkemusikken