Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Spesialomvising i langeleikutstillinga

Publisert 01/11/2016

Under Rakfiskfestivalen inviterer vi til spesialomvisning i utstillinga Langeleiken - heile Noregs instrument. I fleire år har folkemusikkarkivar Elisabeth Kværne arbeidd med dokumentasjon og kartlegging av det eldste langeleikmaterialet i Noreg, og denne kunnskapen var med å danne grunnlaget for utstillinga.

Målet med utstillinga er å presentere det rike og mangfaldige langeleikmaterialet. Og for den som meiner å vite korleis ein langeleik ser ut, han bør førebu seg på eit overraskande møte med det gamle instrumentet. Her er velkjente dekorelement som akantusranker og profilliner, men også fiskar, revar, dansarar og kyrkjespir. Formane har òg endra seg gjennom tidene. 

Velkommen til Valdres Folkemuseum, laurdag 5. november kl. 13.00.

Samme dag er det også Festivalbalsam på museet, sjå http://rakfisk.no/program/program/festivalbalsam.aspx for førehandspåmelding. 

Omvisninga laurdag 5. november er dessverre avlyst grunna sjukdom. Valdres Folkemuseum held ope.   

28. juli kl. Foredrag på Bautahaugen om Hedalsdialekta4.-5. august kl. Etnedals-helg på Valdres Folkemuseum