Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Foredrag om designaren Tias Eckhoff

Publisert 14/10/2016

 

Tias Eckhoff (1928-2016) vart rekna som ein av dei fremste industridesignarane i Norden. Heile sitt vaksne liv budde han på garden Husaker Vestre Slidre, men i arbeid og karriere peikte pila ut i den store verda. Torsdag 20. oktober kjem kurator Inger Helene N. Stemshaug for å fortelje om valdrisen og verdsborgaren Tias Eckhoff. 

Inger Helene N. Stemshaug har vore kurator ved Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design sidan 2001. Ansvarsområdet hennar er glass og keramikk, med hovudvekt på det 20. århundre. Ho har kuratert fleire utstillingar der ho også har skrive artiklar og utstillingskataloger, mellom anna om Tias Eckhoff (1998). Ho har vore med i juryarbeid både for nasjonale og internasjonale offentlige utstillingar, mellom anna for norske kunsthåndverkares årsutstilling. Stemshaug arbeidar i dag fulltid med innsamling til og planlegging av dei nye basisiutstillingene til Nasjonalmuseet avdeling DESIGN på Vestbanen som skal opne i 2020. 

Slidrehuset, Valdres Folkemuseum, torsdag 20. oktober kl. 19.00.
Inngang kr 50,- (gratis for vennelagsmedlemmer)
Kaffeservering
Arrangør: Vennelaget for Valdres Folkemuseum   

8. november kl. Konsert med Waaler Værvågen og Andsnes11. november kl. 18:00Henrik Wergeland og folkemusikken