Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Foredrag: Pedor Piltingsrud og arbeidslivet

Publisert 12/10/2016

Velkommen til foredrag om industrigründeren Pedor Piltingsrud, om treindustri og arbeidsliv i mellomkrigstida. Historikar Harald Berntsen held foredrag om oppgang, nedgang og arbeidskonfliktar i norsk arbeidsliv i perioden 1925–1935. Harald Berntsen (f. 1945) er magister i historie og ein av Noregs mest profilerte samtidshistorikarar og biografiforfattar med arbeidarrørslas historie som spesialfelt.

Konservator ved Valdresmusea Anne Marit Noraker fortel om Pedor og tresliperiet. Det blir høve til å dele historier. Gardbrukar Rasmus Piltingsrud viser bilete og ønsker velkommen til gards. Han er også turleiar opp til Pedor-hula for dei som vil bli med på vandring etter at foredraga er over. Ta med gode sko og klede etter veret.

Foto: Torodd Lybeck har tatt biletet av dei gamle og for mange gløymte jernbanespora etter tresliperibanen mellom Bagn og Tonsåsen.
Foto: Torodd Lybeck har tatt biletet av dei gamle og for mange gløymte jernbanespora etter tresliperibanen mellom Bagn og Tonsåsen.

Stad: Låven på Piltingsrud
Tid: Sundag 16. oktober kl 13.30 presis
Pris: kr 50,- Gratis for årskortmedlemar
Det blir servering av kaffi og kake

Arr: Valdresmusea AS

28. juli kl. Foredrag på Bautahaugen om Hedalsdialekta4.-5. august kl. Etnedals-helg på Valdres Folkemuseum