Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Kurs i vindusrestaurering

Publisert 05/10/2016

Velkommen til kurs i restaurering av vindauge. Det er ynskjeleg at deltakarar tek med sitt eige vindauge for restaurering. Du vil lære om den historiske utviklinga av vindauge og glas, om verktøy og det som skal gjerast.

Ta med: Om du har, ta med vindauge, glas, glasskjerar, tommestokk og blyant, handsag/bakksag, hoggjern/stemjern, vinkel/stillvinkel, høvlar (gjerne profilhøvlar, det er alltid spanande), anna relevant verktøy. NB: Merk alt verktøyet dykkar så er det enklare å få med att rett etter kurset. Me har elles noko verktøy til utlån. NB: Med tanke på verktøy, vil vi gjerne vita om du er venstrehendt.

Mat: Vi held mat, kaffi og te til enkelt måltid ein gong om dagen. Har du allergiar, er det fint om du gir beskjed på førehand.

Stad: Slidrehuset på Valdres Folkemuseum.

Overnatting: Nærmaste nabo til museet er ein av dei finaste campingplassane i Noreg; Fagernes Campingpark. Dei har hytter i alle kategoriar, og gjev ein rabbatt til dei som er med på kurset. Elles fins det hotell her på Fagernes, Thon Hotell og Fagerlund Hotell. Også andre mindre plassar har husvære til leige, alle i gåavstand.

Pris: kr 2400,- inkludert enkel lunsj alle dagar (kr. 2100,- for medlemmar i Verne Vøla, Fortidsminneforeningen, eller dei som har årskort for Valdresmusea). 

Påmelding = betaling. Påmeldingsfrist: 5. november. Deltakeravgift skal betalast inn på konto nr 2070 05 01524. Kvittering vert sendt ut på epost.

Spørsmål? Kontakt Odd.Arne.Rudi@valdres.museum.no, tlf. 97 68 90 65.

Kurset vert arrangert med støtte frå Oppland fylkeskommune, Verne Vøla og Valdres Natur- og Kulturpark. Arrangør er Valdresmusea AS.

Program:
Fredag 11. nov:
10.00: Oppmøte. Kaffi, te og litt enkel servering Velkomen ved bygningsvernrådgjevar Odd Arne Rudi 
Me tek fram det me har av vindauge og utstyr og skapar oss ei 
oversikt over det som skal gjerast
11.30: Lunsj
12.00 - 16.00: Praktisk arbeid

Laurdag 12. nov:
8.00: Oppmøte, praktisk arbeid
11.00: Lunsj
11.30: Instruktør Lars Munthe – Kaas fortel litt om den historiske utviklinga av vindauge og glas
11.30 - 16.00: Praktisk arbeid

Sundag 13. nov: 
9.00: Oppmøte, praktisk arbeid
11.00: Lunsj
11.30 til 15.00: Praktisk arbeid

22, 24, 26, 30 juni kl. Valdres Sommersymfoni: fire konsertar på Valdres Folkemuseum2.-8. juli kl. Kviisveka