Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Jubileumsmarkering for Trygve Bjørgo

Publisert 05/10/2016

I 2016 er det hundre år sidan Trygve Bjørgo vart fødd. 9. oktober blir det eit stort jubileumsarrangement på Valdres Folkemuseum. På programmet står mellom anna foredrag med Karsten Alnæs, samtale, diktlesing, song og boklansering. Målet er å fortelje historia om ein av dei fremste lyrikarane og skulemennene i Valdres i vår tid. – Trygve Bjørgo som lyrikar og skulemann har betydd mykje for mange, både i og utanfor Valdres. Det seier Anne Marit Noraker, som leier jubileumskomiteen. – Som lyrikar og ordkunstnar nådde Bjørgo mange med dei vare, jordnære og djupe dikta sine. Til saman gav han ut i alt ut sju diktsamlingar, og han fekk med dikt i ei lang rekke antologiar.

Framståande skulemann
Som skulemann var han med på å prege fleire generasjonar av unge valdrisar som gjekk på Valdres gymnas på 1960- og 1970-talet. Han utviste ein genuin idealisme og kjærleik til ungdomen, åndslivet og fedrelandet, og lét elevane få del i dei store kunnskapane han rådde over. Derfor vart Bjørgo ein skulemann av dei fremste i landet. Bjørgo var svært oppteken av Valdres-kulturen, mellom anna i form av idrettshistorie, kvardagsliv og musikk. Han var med på å opprette det som etter kvart vart Valdres Folkemusikklag, og han var sjølv særleg glad i det vare Valdres-spelet. Han engasjerte seg i målarbeid og språk, han var ein periode leiar i Noregs Mållag og også medlem i Det litterære råd i Den norske Forfatterforening.

Allsidig program
Jubileumsprogrammet den 9. oktober blir allsidig. Forfattaren Karsten Alnes kjem for å halde foredrag om Bjørgo som lyrikar og skulemann, medan programleiar i NRK P2 Lisbeth David-Andersen vil intervjue fleire av Bjørgos familiemedemmer. Alnæs var kollega av Bjørgo ved Valdres gymnas, medan David-Andersen var elev. Fleire av Bjørgos tonesette dikt blir framførte av Lars Skattebu og Caroline Synvis, og andre blir med i allsong-programmet for dagen. Vidare blir det hardingfelespel med Jan Beitohaugen Granli. Det blir servert fingermat, og det blir også tid til diktlesing og helsingar.

Nord-Aurdal Mållag gir ut dikt i utval av Trygve Bjørgo i haust, og lanserer boka på jubileumsdagen. – Det blir ei vakker gåvebok som kan glede både tidlegare elevar og venner av Bjørgo, og folk som ikkje kjende han, seier Aud Søyland i mållaget. Det blir også høve til å sjå ei ny lita utstilling om Trygve Bjørgo på jubileumsarrangementet. Utstillinga skal seinare på vandring til biblioteka i Valdres.

Jubileumsarrangementet er eit samarbeid mellom Valdresmusea, Syn og Segn, Nord-Aurdal kommune og Nord-Aurdal Mållag. Det er avgrensa plass i festsalen på Valdres Folkemuseum, så arrangementskomiteen anbefaler folk å vere tidleg ute med å melde seg på. Det gjer ein ved å kontakte Valdresmusea.

28. juli kl. Foredrag på Bautahaugen om Hedalsdialekta4.-5. august kl. Etnedals-helg på Valdres Folkemuseum