Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Foredrag: Norske mellomalderballadar

Publisert 12/09/2016

Velkommen til foredrag om dei eldste songkjeldene våre. Astrid Nora Ressem er redaktør for trebindsverket om dei norske mellomalderballadane. Bind tre kom ut no i vår. Ressem er forskingsbibliotekar ved Nasjonalbibliotekets musikkseksjon. Ho er musikkvitar frå Universitet i Oslo, og har i mange år arbeida med de norske mellomalderballadane, og då særskilt melodiane. Ressem har vore redaktør for fleire bokutgjevingar, skrive artiklar om Hawaiislagarar, kreativitet i tradisjonell song og om 1800-tallets innsamlarar. Ho fekk i 2015 fagpublikasjonsprisen for Norske mellomalderballadar. 

Tysdag 20. september kl. 19.00 kjem ho til Valdres Folkemuseum for å fortelje om dei eldste songkjeldene våre, og om arbeidet med dei tre bøkene. Vi får òg høyre unge songarar framføre Valdres-former av dei gamle melodiane.

Stad: Festsalen på Valdres Folkemuseum.
Pris: Kr. 50,- (gratis for dei med årskort)

Årskort til Valdresmusea gir fri inngang til alle avdelingane i vanleg opningstid • fri inngang til utstillingar og mange av arrangementa • gratis kaffi i Munkekroen og rabattar i museumsbutikken på Valdres Folkemuseum • rabattar på ulike handverkskurs • pris familie/vaksen/pensjonist/under 26: kr 450/350/250/250. 

22, 24, 26, 30 juni kl. Valdres Sommersymfoni: fire konsertar på Valdres Folkemuseum2.-8. juli kl. Kviisveka