Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Hortense Panum og langeleiken

Publisert 05/09/2016

Hortense Panum og langeleiken 
Dansk langeleikforsking i 100 år 

I høve 100-årsmarkeringa for den danske musikkforskaren Hortense Panum si reise til Valdres, skipar Valdresmusea til foredrag om Panum og innsatsen hennar for den norske langeleiken, torsdag 8. september kl. 18.30 på Valdres Folkemuseum. 

Det er seniorforskar ved Det Kongelige Bibliotek i København, Lisbeth Ahlgren Jensen, som held foredraget og som som har spesialert seg på den danske musikkforskaren Panum. I foredraget får vi innblikk i reisa som Panum gjorde til Valdres i 1916 og dei breva ho skreiv til skulestyrar Sandvik på Hamar, som var kontakten hennar i Noreg. Etter turen gav Panum ut fleire hefter om langeleiken og i 1930 held ho foredraget ”Det norske nationalinstrument Langeleiken”, i Danmarks Radio. Sidan prøvde ho å blåse liv i langeleiken som dansk folkemusikkinstrument. Kjeldane til Panum var mange: Gudrid Thorstad, Marit Johnsrud, Johannes Halden, Ola Brenno og Kari Rudi Fossum. Før foredraget får vi høyre musikk etter Panum sine kjelder, med dyktige nolevande utøvarar i Valdres. 

Lisbeth Ahlgren Jensen er forskar i musikkvitskap, tilknytt Det Kongelige Biblioteks forskings-avdeling. Ho har tidlegare arbeidd som redaktør på Carl Nielsen Udgaven og vore frilansar ved Den Store Danske Encyclopædi og ved Dansk Kvindebiografisk Leksikon, samt ekstern lektor i musikkhistorie ved Københavns Universitet. Ahlgren Jensen har skrive boka ”Det kvindelige spillerum” – om fem kvinnelege komponistar på 1800-talet og har sidan 2014 forska på musikk-forfattaren Hortense Panum, som òg var ein pionér innan dansk musikkvitskap. I foredraget på museet får vi høyre meir om Hortense Panum og hennar veg til langeleiken. 
 
Torsdag 8. september kl 18.30 på Valdres Folkemuseum. Gratis inngang. Sal av kaffi og kake. 

29. september kl. 17:00Skummeltur på Bagn Bygdesamling30. september kl. 17:00Skummeltur på Valdres Folkemuseum