Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Mimrekveld for gamle fagernesingar

Publisert 03/08/2016

Har du vakse opp på Fagernes? Då håpar vi du vil komme og dele minner frå oppveksten din i bygdebyen. Vi sender mikrofonen rundt til dei som vil fortelle. Ta gjerne med fotoalbum om du har. Er du mest interessert i å lytte og lære, er du også velkommen. Munkekroen er ope til kl. 19. Der kan ein kjøpe kaffi med noko attåt. Kom gjerne også og spis middag der før arrangementet om du vil.
 
Arr: Valdresmusea i samarbeid med Fagernes-mimretrioen anno 1934 (Kjell Melhus, Anders Johansen og Birger Wiken)

Gi oss gjerne ein tilbakemelding på om du kommer (ikkje bindande).
For meir informasjon, kontakt:
Birger Wiken, tlf. 95 14 69 01 kbwiken@frisurf.no
Anders Johansen, tlf. 95 20 88 32 eland@hotmail.no
Kjell Melhus, tlf. 91 66 30 95 kjemelh@online.no
Anne Marit Noraker, tlf. 91 10 39 69 anne.marit.noraker@valdres.museum.no

Tid: 23. august 2016 kl. 17.00-21.00
Stad: Festsalen, Valdres Folkemuseum 

Biletet: 17. mai-tog med avgang frå Folkevang forsamlingshus på Fagernes. 
Foto: Olav Neste. VFF 2-000037.

13. september kl. 19:00Krigens største illegale avisapparat holdt til i Valdres21.-23. september kl. Norsk munnharpefestival