Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Foredrag om Sigurd Islandsmoen

Publisert 14/07/2016

Magnus Leite har studert musikkvitskap ved NTNU i Trondheim og har skrive masteroppgåve om Sør-Aurdalskomponisten Sigurd Islandsmoen og den norskskrivne musikken i mellomkrigstida. Han vil fortelle om komponisten Islandsmoen og korleis han plasserar seg blant dei norske komponistane i si samtid.

Bagn Bygdesamling er sett opp på tuftene til etter gamletunet på garden til Sigurd Islandsmoen, og heimen til Sigurd og Olaus Islandsmoen er eitt av husa på bygdesamlinga. Det blir foredrag, servering av kake og kaffi. Velkommen!

Stad: Stabellbygningen på Bagn Bygdesamling.
Tid: Torsdag 4. august kl. 19. Pris: kr. 50,- (kontant)
Arr: Valdresmusea og arrangementskomiteen ved Bagn Bygdesamling

8. november kl. Konsert med Waaler Værvågen og Andsnes11. november kl. 18:00Henrik Wergeland og folkemusikken