Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Dansesko til museet

Publisert 05/06/2016

Med dansesko og utmerkingar etter stordansarane Berit (1923-2016) og Knut (1921-2010) Steinsrud, ynskjer Valdresmusea å ære to av dei fremste dansarane og tradisjonsberarane i Valdres.

Berit og Knut held eit hundretals springarkurs i Noreg og utlandet i over 60 år, og har ein stor del av æra for at valdresspringaren i dag er ein av dei mest populære bygdedansane i Noreg. Knut og Berit vann landskappleiken ei gong, og dei deltok trufast på lagdansen til Øystre Slidre spel- og dansarlag på mang ein kappleik. Båe var æresmedlemer i Landslaget for Spelemenn, og motiv for logoen til Jørn Hilme-stemnet! I 2008 fekk også Knut Steinsrud Statens stipend til eldre, fortente kunstnerar.

Utstillingfa er til ære for Berit og Knut, og syner både dansesko, klede og fine premier og minnegåver som dei to fekk gjennom eit langt liv. Utstillinga blir til i samarbeid med Jørn Hilme-stemnet, som er den største og eldste folkemusikkfestivalen i Noreg.

22, 24, 26, 30 juni kl. Valdres Sommersymfoni: fire konsertar på Valdres Folkemuseum2.-8. juli kl. Kviisveka