Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Innviing av museumsflygelet

Publisert 26/05/2016

Valdresmusea inviterer til konsert med stjernepianist Tor Espen Aspaas. Han innviar med dette det nye Bechstein-flygelet på Valdres Folkemuseum.

Om arrangementet: Sundag 19. juni 2016 kl. 18 vil Tor Espen Aspaas spele musikk av Grieg, Beethoven og Schubert. I pausa kan du bli betre kjent med både instrumentet og pianist Aspaas. Ordførar i Vang, Vidar Eltun, står for den offisielle opninga av flygelet. Dessutan byr vi på overraskingar utover i programmet. Munkekroen på museet held ope til kl. 19. Spis gjerne middag først der, eller kjøp eit glas vin til konserten. Arrangementet er gratis.

Om Aspaas: Han arbeidar som professor ved Noregs Musikkhøgskule og er ein høgt merittert og prisvinnande pianist. Han har gjeve ut ei rekke cd-ar, vore musikalsk leiar ved Vinterfestspela på Røros, og har halde konsertar i inn- og utland. Aspaas bidrog òg på Ragnhild Hemsing si debutplate YR i 2011.

Flygel til Valdres Folkemuseum: Valdres Folkemuseum er ramme omkring store konsertar og festivalar. Utan gode instrument, blir det sjeldan god musikk. Sidan 1960-talet har folkemusikk vore eit viktig arbeidsområde ved Valdres Folkemuseum og i 1981 vart den fyrste instrumentmakaren tilsett her. Det er eit godt samarbeid mellom Valdresmusea og musikklivet elles i Valdres og i fleire år har Valdresmusea samarbeidd med festivalane i regionen. Saman med Valdres Sommersymfoni har Valdresmusea lenge arbeidd for å få plass eit flygel til festsalen på Valdres Folkemuseum. Med økonomisk støtte frå Valdres Sommersymfoni, Vennelaget for Valdres Folkemuseum og fleire private aktørar, har det vorte mogleg å gå til innkjøp av eit førsteklasses Bechstein-flygel mod. B 190.

Velkomen!

Kva skjer elles på museet denne dagen?
SOMMAROPNING: Omvisingar, aktivitetar for born, foredrag om våpen i krig og fred i Valdres.

28. juli kl. Foredrag på Bautahaugen om Hedalsdialekta4.-5. august kl. Etnedals-helg på Valdres Folkemuseum