Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Kurs i kulturhistorie

Publisert 21/05/2016

Fredag 10. og laurdag 11. juni arrangerer Valdresmusea og Valdres Natur- og Kulturpark seminar om ei rekkje kulturhistoriske emne – og stavkyrkjene i Valdres. Målet med seminaret er å ruste stavkyrkje- og museumstilsette til god guiding for besøkande til Valdres. Seminaret er òg ope for andre interesserte. Kursprogram finn du her .   
 
Under seminaret møter du dei fremste ressurspersonane i kulturminnebransjen i Valdres – og viktige samarbeidspartar for Valdresmusea og Valdres Natur- og Kulturpark. Stavkyrkje, støling, matstell, folkemusikk, slektsgransking, drakthistorie, 2. Verdskrigen, vertskapsrolle, byggjeskikk og bygningsvern er tema for seminaret i 2016. 
 
Blant foredragshaldarane finn du krigshistorikar Knut Werner Hagen, gardbrukar Berit Robøle Hegge, bygningsvernrådgjevar Odd Arne Rudi og stavkyrkje- og pilegrimsekspert Jahn Børe Jahnsen. Kurset er gratis og obligatorisk for stavkyrkje- og museumsguidar, elles kr 200. Påmelding til katharina.sparstad@valdres.no eller ole-aastad.braten@valdres.museum.no innan 5. juni.  

Foto framside: Ole Jørgen Liodden

8. november kl. Konsert med Waaler Værvågen og Andsnes11. november kl. 18:00Henrik Wergeland og folkemusikken