Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Karar med bile

Publisert 14/04/2016

Valdresmusea og bygningsvernsrådgjevar Odd Arne Rudi arrangerer kvart år ei kursrekke i eldrehandverksteknikkar og restaurering. Kursrekka blir ti med støtte frå Verne Vøla, Valdres Natur- og Kulturpark, Oppland fylkeskommune og Norsk Kulturminnefond.

Sidan starten i 2009 har kursa vore populære og i veke 15 tek eit nytt laftekurs til, denne gongen har Nord-Aurdal kommune stilt Skiferplassen til disposisjon. Truleg er det fyrste gongen på svært lenge at det blir lafta i Fagernes sentrum. Kurset blir avslutta laurdag 16. april med ein open handverksdag. Då inviterar vi små og store handverksinteresserte til Skiferplassen. Her kan de sjå lafting av kursdeltakarane, smiing av Knut Olav Dokken og Odd Arne Rudi vil tekke taket på eit av husa som er satt opp denne veka. Målemeister Knut Øystein Bakken viser korleis ein lagar linoljemålig. I tillegg til handverk samlar vi også eit knippe av dei framifrå produsentane av lokalmat Valdres har å by på.

Ta med familie og vener til Fagernes laurdag 16. april. Ope frå kl. 10.00 til kl. 14.00.
 
Velkomne!

22, 24, 26, 30 juni kl. Valdres Sommersymfoni: fire konsertar på Valdres Folkemuseum2.-8. juli kl. Kviisveka