Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Lyden av Norge

Publisert 08/03/2016

Nei, eg snakkar ikkje om musikken på P4, men om toneskatten i dei norske folkemusikkarkiva. I fleire år har arkivarane kjempa for ressursar til sikring av gamle arkivopptak. Og medan du les denne kronikken, smuldrar bitar av den nasjonale musikkskatten opp.

For enno er det ingen som tek ansvar. Riksarkivaren har rett nok varsla ei styrking av heile arkiv-sektoren. Og det er bra. For folkemusikkarkivarane treng eit nasjonalt koordinerande ledd og ein aktør som utviklar digitale løysingar for folkemusikkarkiva – for framtida. 

Antropologar har sidan tidleg på 1900-talet dokumentert lyden av Norge, av song og musikk av viktige tradisjonsberarar. Ein av dei fyrste, Rikard Berge (1881–1969), tok til å dokumentere folkemusikk på voksrull omkring 1916. Det same gjorde Ole Mørk Sandvik (1875–1976) nokre år etter. Christian Leden (1881–1957) gjorde i 1936 190 opptak på 140 fonogramrullar med song og musikk frå ulike delar av landet. Leden ivra for eit nasjonalt folkemusikkarkiv, men ikkje før i 1951 vart Norsk folkemusikkinstitutt etablert. Enno står mykje att.

Lyd er sårbart materiale. For medan papir er sikra eit langt liv i syrefrie mapper, er tida for spolebanda og kassettane for lengst over. I folkemusikkarkiva har ein jobba parallelt med desse eldste formata – og notidsmusikken festa til digitale media. Men ikkje alle musikk er digitalisert. Det er enno store etterslep i sikring av det eldste materialet. For lydarkiva tikkar klokka. Blir dei ikkje tilført fleire ressursar no, risikerer vi at dei eldste nasjonale lydkjeldene går tapt for alltid.

Hamskifte
I arbeidet med sikring av materielle minne har ein kome svært langt. Men, vegen fram mot ei nasjonal løysing for sikring av lyd synest lang. Formatet (lyd) er krevjande og organiseringa (privatarkiv med ulike institusjonelle tilknytingar) uoversiktleg. Dette sinkar arbeidet med å få på plass ei nasjonal samordning. Og det hastar.

Dei norske folkemusikkarkiva samla seg rett nok på 1980-talet, saman med sine svenske syster-organisasjonar, og bidrog til realiseringa av FIOL, eit registreringsprogram for lyd og film. Den norske deltakinga gjekk etter kvart ut. Endskapen vart utflagging av FIOL, til Folkmusikens hus i Rättvik i Sverige, som i dag eig og driv systemet.

Og FIOL er bra. Programmet er skreddarsydd for tradisjonsmusikk og blir brukt i dei fleste norske folkemusikkarkiv. Men framtida for programmet er usikker. FIOL-kompetansen i Noreg er liten og i Sverige kviler denne i hendene på nokre fåe personar. Ingen andre fagmiljø ser seg i stand til å overta eller vidareutvikle programmet. Dessutan, programmet «snakkar» ikkje med andre program og er heller ikkje eigna for publisering på nettet. Her ligg den store veikskapen og det store potensialet. Ei digital krysskopling av materielle og immaterielle minne; av fysiske handgripelege minne i følgje med samtale, song og musikk.

Det er eit kulturpolitisk ynske å gjera den immaterielle kulturarven tilgjengeleg på dei digitale plattformane. Men utan å styrke kompetansen i arkiva vil ikkje tilgjengeleggjering kunne gjerast på ein forsvarleg måte. Det ligg eit stort potensiale i å styrke FIOL-kompetansen i Noreg, og å kople FIOL-programmet med andre, nærskylde program. Då treng programmet ei sikrare formell og økonomisk forankring, her i Noreg kor dei fleste brukarane held til.

Ulik organisering  
Situasjonen er skremmande. For norske styresmakter tek ikkje ansvar for den nasjonale song- og musikkskatten. Norsk senter for folkemusikk og folkedans har gjennom fleire utgreiingar peikt på utfordringane for arkiva og behovet for å etablere eit arkivfagleg kraftsenter ved Senteret. Utfordringane er kjente for statlege styresmakter, men enno manglar pengar til ei reell satsing her. 
I Riksarkivaren sin nye strategi for arkivfeltet innser ein at privatarkiva er underrepresenterte i det samla arkivmateriale. Ei løysing vil vere å etablere faglege miljø med konkrete oppgåver for bevaring av privatarkiv.

Norsk senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim er eit nasjonalt kompetansesenter og skal femne alle sektorar i norsk folkemusikk- og folkedansmiljø. Også folkemusikkarkiva. Men utan tilførte ressursar vil ikkje Senteret makte å bidra til utviklinga av gode framtidige digitale system. Utan satsing no risikerer vi at musikken i arkiva blir borte for godt. Blir du med på eit løft, kulturminister Linda Helleland? 

Ole Aastad Bråten 
Direktør ved Valdresmusea  
Leiar i Rådet for folkemusikk og folkedans

 

29. september kl. 17:00Skummeltur på Bagn Bygdesamling30. september kl. 17:00Skummeltur på Valdres Folkemuseum