Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Skarke

Publisert 04/12/2015

Førjulstid på Valdres Folkemuseum
Tida før jul blir kalla skarke. Då førebur vi oss til jul med baking og rundvask. I skarketida på Valdres Folkemuseum fyrar vi i omnane og steller i stand til god, gamaldags førjulsmarknad.

Aktivitetar born og vaksne kan væra med på
• kakeverkstad
• julepyntverkstad
• lysstøyping
• kanefart
• demonstrasjon av firfletting og filering
• fine julegåver i museumsbutikken
• utstillingar: «Langeleiken – heile Noregs instrument» og «juleutstilling»
• juletallerken i Munkekroen
• musikk med Valdresstrykarane
• signering og sal av «Frå Versailles til Valdres» ved Magny Karlberg
• matutsal: Strandmo Stølsysteri, Rein Valdresmat, Mohaugen gard, Nørrestogo Skigard og Mikroysteri, Helle Kjøtt, Trøsvik Gård,   

Sal av lokale mat- og handverksprodukt  
Lokale mat- og handverksprodusentar sel tradisjonsmat og handverksprodukt frå gapahukar på museumsområdet og frå salsboder i dei gamle husa. I kakeverkstaden bakar vi lefser, hardangerlefser, rosettbakels og anna godt, som du òg kan kjøpe. I nokre av husa kan du sette deg ned og kose deg med noko varmt å drikke, og høyre historier om korleis dei førebudde og feira jula i eldre tid.

Basar og juletrepynting
Vennelaget for Valdres Folkemuseum har tradisjonsrik basar med trekning i festsalen i Velkomstbygget klokka 15.00.

Prisar
Familiepris: 200,-       
Vaksne: 80,-  
Barn: 50,- (gratis for ungar under tre år)      
Pensjonistar: 70,-

8. november kl. Konsert med Waaler Værvågen og Andsnes11. november kl. 18:00Henrik Wergeland og folkemusikken