Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Ledig stilling ved NBF

Publisert 12/11/2015

Valdresmusea søkjer ein person til stillinga som avdelingsleiar for Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Til stillinga følgjer det faglege ansvaret for drift og utvikling av instituttet, som har fem tilsette.
 
Formålet med stillinga 
Avdelingsleiaren skal sikre at dei nasjonale oppgåvene ved instituttet blir gjennomført i tråd med gjeldande vedtekter, planane til Valdresmusea og instituttet og føringar elles frå Staten. Avdelingsleiaren inngår i leiarstaben ved Valdresmusea og svarar til direktøren. Økonomi- og personalarbeidet er lagt til administrasjonen ved Valdresmusea.

Ansvarsområde
Avdelingsleiaren skal drive det nasjonale bunad- og folkedraktarbeidet i samarbeid med ulike aktørar på feltet, i Noreg og i utlandet. Norsk institutt for bunad og folkedrakt har eit eige fagråd, Bunad- og folkedraktrådet, oppnemnt av Kulturdepartementet (KUD). Instituttet er sekretariat for Rådet. Norsk institutt for bunad og folkedrakt driv kompetanseheving innanfor ulike virkefelt og har formalisert samarbeid med Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, NTNU. Ansvarsområdet er formulert gjennom planane til Valdresmusea og instituttet, avtalen med KUD og elles andre styringsdokument som gjeld for verksemda. Avdelingsleiaren skal:
 
1. arbeide for å verne, fremje og vidareføre bruk og framstilling av bunader og folkedrakter i Noreg, som uttrykk for kulturell identitet og berar av særeigne kvalitetar

2. arbeide med dokumentasjon og forsking på bunad- og folkedrakttradisjonen i Noreg, som historisk fenomen og som kulturell ytringsform i eit moderne, komplekst samfunn 

3. sikre dialog og samarbeid med ulike aktørar innanfor feltet, nasjonalt og internasjonalt: brukarar, tilverkarar, museum, produsentar, organisasjonar, universitet og høgskular.

4. synleggjere arbeidet ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt, og elles formidle kunnskapen om fagfeltet, i dialog med medium og gjennom ulike kanalar og plattformer. 

Vi kan tilby
- ei ansvarsfull stilling med stor verdi for norsk kultur- og samfunnsliv
- deltaking i leiarteam og høve til å påverke utviklinga av verksemda
- høve til personleg utvikling
- eit hyggeleg arbeidsmiljø

Du bør ha evne til
- analytisk tilnærming
- grundig og strukturert arbeid
- å kunne etablere og følgje opp system, planar, avtalar og prosjekt
- god munnleg og skriftleg framstilling på bokmål og nynorsk
- å vere synleg, kommunisere, bygge nettverk og etablere gode samarbeid

Din kompetanse
Høgare utdanning (hovudfag/doktorgrad) i kulturhistoriske fag
Erfaring frå museumsarbeid
God IKT-kunnskap

Praktiske opplysningar
Stillingsprosent: 100
Arbeidsstad: Fagernes 
«Landsovereinskomsten for museum og andre kulturinstitusjonar» gjeld for Valdresmusea
Stillinga medfører reiser og feltarbeid

For opplysningar om stillinga  
Har du spørsmål til stillinga og utlysingsteksten, kontakt direktør Ole Aastad Bråten, tlf. 907 63 635. Søknad med CV sender du til Valdresmusea, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes eller til ole-aastad.braten@valdres.museum.no. Merk han «Søknad avdelingsleiar». Attestar skal berre sendast ved førespurnad.

Søknadsfrist: fredag 4. desember 2015

29. september kl. 17:00Skummeltur på Bagn Bygdesamling30. september kl. 17:00Skummeltur på Valdres Folkemuseum