Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Foredrag om offentlege tenester

Publisert 01/11/2015

Tysdag 3. november blir det foredrag av Harald Hvattum og Ingar Ranheim om korleis ein i eldre tid organiserte det me tenkjer på som “offentlege tenester”. Vi får vita korleis folk tok vare på dei sjuke og gamle, korleis det gjekk med barn som mista foreldra, og andre som ikkje kunne greie seg sjølve. Likeins får me høyre om opplæringstilbodet frå 1800-talet og fram til i dag, i regi av kyrkje og stat, og korleis folk kunne greie seg i eit samfunn utan barnetrygd, arbeidsløysetrygd og alderstrygd.
 
Harald Hvattum er historikar og arbeider for tida med bygdeboka for Nord-Aurdal. Ingar Ranheim er òg historikar, og konservator ved Valdresmusea.
 
Vennelaget ønskjer deg velkomen til foredrag kl. 19, men kom gjerne ein halvtime før, så kan du kjøpe kaffi og kaker hos Vennelaget og få deg ein hyggeleg prat med andre historisk interesserte. Arrangementa i Vennelaget er opne for alle interesserte. Medlemmer går gratis, medan andre betaler kr 50. Velkomen, og ta gjerne med deg ein kjenning!
 

28. juli kl. Foredrag på Bautahaugen om Hedalsdialekta4.-5. august kl. Etnedals-helg på Valdres Folkemuseum