Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Instituttleiaren sluttar i stillinga

Publisert 20/08/2015

Dagleg leiar ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Stian Roland, har sagt opp stillinga si ved instituttet. Stian har arbeidd som instituttleiar sidan 20.12.2011. Siste arbeidsdag vil vere onsdag 30. september. Stian Roland har som instituttleiar drive personalarbeid, budsjettstyring og lagt faglege planar for instituttet. Han har også deltatt i leiargruppa ved Valdresmusea, som er museumsorganisasjonen som skal drifte og utvikle Norsk institutt for bunad og folkedrakt.  

Valdresmusea takkar Stian for godt samarbeid og ynskjer lykke til vidare. For spørsmål om arbeidet med rekruttering av ny leiar for instituttet, ber vi om at de tek kontakt med underteikna eller leiar for Bunad og folkedraktrådet, Atle Ove Martinussen, telefon 55 25 18 01, mobil: 903 68 990, e-post: atle.ove.martinussen@muho.no. I perioden framover vil det øvste ansvaret for instituttet bli ivaretatt av konstituert direktør Ole Aastad Bråten.

8. november kl. Konsert med Waaler Værvågen og Andsnes11. november kl. 18:00Henrik Wergeland og folkemusikken