Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Nordisk draktseminar

Publisert 12/08/2015

Temaet for seminaret i 2015 er «Folkedrakt i fortid og samtid – seremoni, form og bruk». Mange av foredraga vil omhandle symbolikk knytt til folkedraktene våre. I arbeidet med den eldre draktskikken er ein nøydt til å skaffe seg kunnskap både om plagget som fysisk objekt, men òg om plagget sin symbolfunksjon. Ei utfordring for oss i dag handlar om at den religiøse bruken av symbola ikkje lenger finst.

Seminaret vil bli innleia frå Bergen der seminardeltakarane reiser med båt innover Sognefjorden til Flåm. Om bord vil det bli foredrag om seminarets hovudtema og om folkedraktene i Sogn, sett gjennom kunstnarane sine bilete frå 1800-talet. Vidare blir det omvising i Borgund stavkyrkje før vegen går over Filefjell og til Valdres Folkemuseum på Fagernes, der sjølve seminaret vil ha tilhald.

Dagane vil innehalde foredrag frå alle dei nordiske landa. Dei norske foredragshaldarane er Camilla Rossing, Bjørg Hovland, Mikkel B. Tin og Bjørn Sverre Hol Haugen. Det er òg sett av tid til workshop og orienteringar om nye materialkvalitetar og litteratur innanfor feltet under seminaret. I tillegg blir det utflukt til Reinli stavkyrkje der ein skal forsøke å rekonstruere ei messe med dåp og inngangskoner, slik det gjekk føre seg for om lag 200 år sidan.

I etterkant av seminaret blir det utgjeve ein rapport der alle foredraga vil bli publisert. Seminaret har motteke økonomisk bidrag frå Nordisk Kulturfond, Letterstedska foreningen og kommunane i Valdres.

 

13. september kl. 19:00Krigens største illegale avisapparat holdt til i Valdres21.-23. september kl. Norsk munnharpefestival