Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Opning av utstilling: Dei store forteljingane

Publisert 17/06/2015

Valdres er ein region som ofte gjev merksemd til ressurssterk ungdom og problemfrie liv. Gjennom auka medvit om lokal kultur og lokale verdiar er målet å skape entusiasme og optimisme om livet på bygda. Resultatet er ein sedvanleg presentasjon av dei hyggelege kvardagane og forteljingane vi har høyrt så mange gonger før.

Det verkelege livet er sjeldan som i reklamane eller i den politiske drøymeverda. Statistikkane fortel om mobbing i skulane og om barnefattigdom, om einsemd og isolasjon. Her i Valdres, som elles i landet. Ikkje alle kjenner seg inkludert når fotballaget tek oppstilling. Ikkje alle kjenner seg medrekna når partiet, foreldreutvalet eller grendelaget skal velje kandidatar blant bygdas beste menn og kvinner. Å stå fram med meiningane sine kan òg vere ei prøve. Norsk presseforbund har ved fleire høve åtvara mot ein veksande ukultur i offentleg sektor, om munnkorg for tilsette og om redsle for varsling om kritikkverdige forhold. Det er best å halde kjeft.

Vi høyrer om ungar og vaksne som på ulikt vis fell utanfor, i skulen, i grenda, i gjengen. Folk som ikkje passar inn, som ikkje får vere med. Vi synest kanskje synd i dei, men trekkjer som oftast på skuldrene. Det er krevjande å bry seg.

Utstilling
Dei store forteljingane er ei utstilling om fire menneske og deira sterke historier, fortalt av dei sjølve. Her er ingen kritiske motspørsmål, og informantane sine stemmer får bere det tekstlege innhaldet åleine. Subjektivt, vil du kanskje seie? Ja, i høgste grad, men informantane sine opplevingar er høgst reelle, uavhengig av objektiv sanning, uavhengig av kva andre måtte meine.

Lagnaden til dei fire vart utanforskapen. Men forteljingane til Natalie, Berit, Arne og anonym handlar ikkje berre om liva deira, på utsida av majoritetssamfunnet. Forteljingane speglar også deg og meg, lokalsamfunnet vi alle er del av, bygda som skal vere staden for oss alle.

Tre av forteljingane i utstillinga ber i seg kritikk, av skulen, kommunen, samfunnet. I alle dei tre tilfella er verdien av ein systemkritikk viktig, for systema og for dei som skapar dei. I ei av forteljingane er kritikken retta mot eit tidlegare styre for eit lokalt selskap. Slikt er krevjande og stiller krav til refleksjon om grensegang. Dei ulike syna i saka er kjende gjennom pressa, og Valdresmusea har valt å la informanten si stemme få fløyme fritt. Valdresmusea tek ikkje side i saka.

«Alle skal med» har vore eit politisk slagord i mange år. Men ikkje alle føler at dei får plass, når Valdres-toget suser av garde. Berit si livserfaring og Arne sine opplevingar set venskap og familieliv på prøve. Kva er dei samfunnsmessige reaksjonane på liv som fell utanfor «norma»? Står vi opp, når andre fell? Trass i utanforskap, dei fire informatane finn òg plass til sine kvardagsliv.

– Det skal gå bra, har vore haldninga til Berit, ein av informantane.

Samlingane 
I kjeldematerialet kan vi ane konturane av annleis-livet. I ei enno upublisert bygdebok om Svenes i Nord-Aurdal finn vi informasjon om ein person fødd og døypt som mann, oppseda og konfirmert som kvinne. Kva var ho, eigentleg? Kva slags liv levde ho? Slike kjelder høyrer til unnataka. Samlingane har i røynda store hol og er tomme for spor etter menneske på utsida av ein majoritetskultur.

Samfunnet treng heilskaplege minnebankar, frå fortida så vel som frå vår eiga samtid. Ved Universitetsbiblioteket i Bergen har ein nyleg etablert Skeivt arkiv for dokumentasjon, bevaring og formidling av homohistorie i Noreg. Norsk kulturråd og ei rekkje museum har i fleire år arbeidd med nettopp utanforskap, mangfald og brot-prosjekt. «Alle skal med» er ikkje lenger berre eit politisk slagord. Dei kulturhistoriske institusjonane er i ferd med å omsetje mangfald, inkludering og deltaking til praksis.

Med Dei store forteljingane ynskjer Valdresmusea å drøfte røynsler utanfor komfortsona. Greier valdresamfunnet å ta vare på dei som fekk liv som ikkje vart slik dei hadde tenkt? Skal vi finne svar på spørsmålet, må vi våge oss bort frå det konforme og gje rom til menneske vi sjeldan ser eller høyrer, historier som uroar oss, som vi ikkje forstår.

Kropp, seksualitet, rus og sosial mobilitet – dette er viktige dimensjonar i liva til dei fleste av oss. Men nokre menneske ber med seg erfaringar som utvidar rammene for kva alt dette kan innehalde, og dermed også vår forståing av korleis vi kan leve liva våre.

Takk til Berit, Arne, Natalie og anonym informant som modig har kasta seg inn i prosjektet. Måtte historiene deira bane veg for eit meir ope og inkluderande samfunn, der likeverd og deltaking for alle blir leiestjerner for våre liv.

Velkomen til utstilling!

Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd og Fritt Ord.

 

22, 24, 26, 30 juni kl. Valdres Sommersymfoni: fire konsertar på Valdres Folkemuseum2.-8. juli kl. Kviisveka