Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Valkyrien Allstars til Valdres Folkemuseum

Publisert 08/05/2015

2015 er eit viktig musikkår for Valdres. Til sommaren skipar folkemusikkmiljøet til Jørn Hilme-stemnet og Landskappleiken på ei og same tid. Siste veka i juli skal vi nyte musikk og dans på høgt nivå og vi skal glede oss over lokale musikk- og dansetradisjonar.

Sommaropning, sundag 7. juni  
Valdresmusea opnar musikkåret og sommarsesongen med heidundrande konsert med Valkyrien Allstars, sundag 7. juni kl. 18.00, i amfiet på Valdres Folkemuseum. Den kjente gruppa har eit nært forhold til Valdres og folkemusikken. På sitt fjerde album, «Farvel slekt og venner», vidareførar bandet sitt unike lydbilete i gråsona mellom det moderne og det tradisjonelle. Låtmaterialet er i stor grad eigenkomponert, men framleis høyrer vi innslag av felelåttar og skillingsviser.

Billettar:
Billettar får du kjøpt på www.billettservice.no og i butikken på Valdres Folkemuseum. Pris kr. 200 for vaksne, kr. 100 for barn.

29. september kl. 17:00Skummeltur på Bagn Bygdesamling30. september kl. 17:00Skummeltur på Valdres Folkemuseum