Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Foredrag om sylvsmedkunst

Publisert 14/04/2015

23. april kl. 19.00 held Kjetil David-Andersen foredrag om norsk sylvsmedkunst, på Valdres Folkemuseum på Fagernes.
David-Andersen vil fortelja om og vise bilde frå ein spennande periode då det meste av faget gjekk i oppløysing.

I 1830-åra opplevde gullsmedane eit sterkt press på den faglege monopolsituasjonen sin. Sterke krefter arbeidde mot rettane til laugsvesenet, og ved lov av 1839 vart det vedteke at lauga skulle opphøyre. Dette vart gjennomført i 1869.

I perioden som følgde, vart krav til opplæring sterkt svekt, ein kan antakeleg seia heilt borte. Fleire og fleire hadde ikkje sveineprøver eller meisterprøver å vise til. Samtidig pressa utanlandske varer seg på, og desse kunne seljast i Noreg for rimelegare prisar. Årsaka var nye produksjonsmoglegheiter, med verktøy og maskiner som gav høve for serieframstilling.

Det kom til slutt ein motreaksjon innanfor faget sjølv, og frå 1880-åra fekk me kanskje den mest spennande gullsmedperioden landet nokon gong har hatt. 

David-Andersen frå 1876
Det var oldefar til Kjetil David-Andersen som starta den kjente gullsmedverksemda David-Andersen i Oslo i 1876. Sjølv har ikkje Kjetil valt gullsmedyrket, men han har samla mykje kunnskap og historie om faget. Gjennom kona si, Lisbeth – som vaks opp på Fagernes – har Kjetil David-Andresen tilknyting til Valdres.

 

 

22, 24, 26, 30 juni kl. Valdres Sommersymfoni: fire konsertar på Valdres Folkemuseum2.-8. juli kl. Kviisveka