Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Museumssundag

Publisert 26/02/2015

Få dalføre kan måle seg med Valdres vinterstid. I over hundre år har Valdres vore ein viktig vinterdestinasjon i Fjell-Noreg og kvar helg reiser hyttefolk og lokale innbyggarar til fjells for å nyte snø, bakkar og skiløyper. Det er vi i Valdres glade for, for det er nettopp i arbeidet med reiseliv og opplevingsturisme at vi dag legg vårt framtidige livsgrunnlag.

Valdreskulturen har sidan tidleg på 1800-talet vore ein viktig berar av sterke kulturverdiar. Songen og musikken vart tidleg omtala og skrive ned, og også i dag har ein i Valdres dyktige utøvarar på langeleik, hardingfele, song og dans. På Valdres Folkemuseum fører vi desse tradisjonane vidare gjennom kurs og opplæring, utstillingar, konsertar og festivalar.  

Valdres har ein storslått natur, men det er i møte med einskildmenneske og kulturen deira at Valdressamfunnet syner seg på sitt beste. Ved Valdresmusea har ein ynske om å tilby det beste av både kultur og natur. Fire sundagar i vinterhalvåret inviterer Valdresmusea deg til utstilling, vinterrebus, hesteskyss og besøk i eit av dei gamle husa – og til leik og moro i eit snøkvitt museumslandskap. Varmen finn du rundt bålpanna – eller inne i Munkekroen. Her serverer Peter og Maria varm drikke, gode lønsjar og søte kaker.

Valdres Folkemuseum og Munkekroen har oppe desse sundagane: sundag 1. mars og sundag 5. april. Det er gratis inngang desse dagane.

8. november kl. Konsert med Waaler Værvågen og Andsnes11. november kl. 18:00Henrik Wergeland og folkemusikken