Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Skarke på Valdres Folkemuseum

Publisert 28/11/2014

I tillegg til dei allereie nemnte aktivitetane tilbyr Valdresmusea følgjande:                          

Er det mulig?
«Er det mulig?» er ei utstilling om funksjonshemming, ski og snø. Etter tre år på Skimuseet i Oslo har utstillinga kome heim – til Erling Stordahl sitt rike og staden der moderne skiidrett for funksjonshemma i sin tid starta.

Langeleiken – heile Noregs instrument
Fredag 14. november opna ei unik instrumentutstilling ved Valdres Folkemuseum på Fagernes. I sentrum for utstillinga står landets eldste strengeinstrument – og ein 200 år gamal langeleik frå Det kongelege slottet. Folkemusikkarkivar Elisabeth Kværne har omvising i utstillinga klokka 13.00.

Basar og juletrepynting
Vennelaget for Valdres Folkemuseum har tradisjonsrik basar med trekning i festsalen klokka 15.00. Juletreet står i peisestova og blir pynta gjennom heile dagen – med juletrepynt som ungane lagar. Juletrelysa blir tente klokka 16.00.

Sal av lokale mat- og handverksprodukt  
Fleire lokale mat- og handtverksprodusentar sel frå gapahukar ute på museumsområdet. Her kan ein kjøpe mat til julebord og gåver under treet. Ute i husa blir detbaka lefse, hardangerlefse og rosettbakels, og dei besøkande kan kjøpe med smaksprøver.

Aktivitetar born og vaksne kan væra med på:
• Pepperkakebakst
• Juleverkstadar
• Lys-støyping
• Kanefart
• Demonstrasjon av firfletting og filering
• Store og små freistingar i butikken
• Munkekroen serverer juletallerken, vaffel, gløgg og mykje anna godt

Prisar
Familiepris: 200,-
Vaksne: 80,-
Barn: 50,- (gratis for ungar under tre år)
Pensjonistar: 70,-
 

22, 24, 26, 30 juni kl. Valdres Sommersymfoni: fire konsertar på Valdres Folkemuseum2.-8. juli kl. Kviisveka