Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Langeleiken - heile Noregs instrument

Publisert 31/10/2014

Fredag 14. november opnar ei unik instrumentutstilling ved Valdres Folkemuseum. I sentrum for utstillinga står ein 200 år gamal langeleik utlånt frå Det kongelege slott.

Folkemusikkinstrument er eit viktig satsingsområde for Valdresmusea. I fleire år har musea arbeidd med dokumentasjon av det eldste langeleikmaterialet i Noreg. Ny kunnskap om langeleiken si historie i Noreg legg no grunnlaget for ei ny utstilling om instrumentet. Fredag 14. november opnar «Langeleiken – heile Noregs instrument». Målet med utstillinga er å presentere det rike og mangfaldige langeleikmaterialet. Og for den som meiner å vite korleis ein langeleik ser ut, han bør førebu seg på eit overraskande møte med det gamle instrumentet. Her er velkjente dekorelement som akantusranker og profilliner, men også fiskar, revar, dansarar og kyrkjespir. Formane har òg endra seg gjennom tidene. 

Ein kuriositet i utstillinga er ein langleik tilhøyrande Det kongelege slott. Opphavleg var det spelemannen Johannes Halden (1844–1936) frå Åbjør som åtte denne. Vinteren 1907 gav han leiken til fire år gamle kronprins Olav. I ein artikkel i avisa Valdres 18. november 1908 kan vi lese om møtet. «i fjor vinter var […] oppe på Voksenkollen og lærte kronprins Olav at spille Gubba Noa. Han fikk en eldgammel langeleik av mig, men han var ikke sterk nok i fingrene, saa jeg måtte trykke lidt på dem, mens han spilte. Der var fint. Jeg blev der helt til kongen sa Olav skulde si adjø til mig».

8. november kl. Konsert med Waaler Værvågen og Andsnes11. november kl. 18:00Henrik Wergeland og folkemusikken