Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



– Å lage ein konstitusjon er å omskape eit samfunn

Publisert 07/10/2014

I samband med grunnlovsjubileet skipar Valdresmusea og Vennelaget for Valdres Folkemuseum til ein foredragsserie om tema som demokrati, identitet, folkesuverenitet og nasjonsbygging. Dette er fjerde foredrag i rekka.

– Å lage ein konstitusjon er å omskape eit samfunn. Det skjedde i Noreg i 1814. Det skriv professor dr.jur. ved Universitetet i Oslo Ola Mestad, som har vore leiar for den nasjonale forskingskomiteen for grunnlovsjubileet. Ola Mestad har tidlegare forska på forhold kring unionsoppløysinga i 1905. Torsdag 9. oktober kl. 19.00 held Mestad foredrag på Valdres Folkemuseum. Tittelen på foredraget er "Eidsvollsmennene si læretid i København og grunnlovsverket".

Det er Vennelaget for Valdres Folkemuseum, i samarbeid med Valdresmusea, som har invitert Ola Mestad til å halde foredrag denne kvelden. Foredraget varer om lag ein time, og det kostar kr 50 for ikkje-medlemmer. Det blir høve til å stille spørsmål etter foredraget, og det blir truleg òg litt tid til å snakke med Mestad etter møtet, som vanlegvis blir avrunda cirka kl. 21.00.

Velkomne!

28. juli kl. Foredrag på Bautahaugen om Hedalsdialekta4.-5. august kl. Etnedals-helg på Valdres Folkemuseum