Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Konstruktiv kontrast

Publisert 03/09/2014

KONSTRUKTIV KONTRAST? Gjennom bygging av mellombelse installasjonar ynskjer Sendstad å utfordre og utforske opplevingar av gamle hus på museum. Slike hus er gjerne bevara på grunn av høg alder, opphavleg tilstand eller historisk relevans. Dette er faktorar som i stor grad er lausrivne frå husa sine notidige arkitektoniske kvalitetar knytt til material-, rom- og stadsoppleving. Med Sendstad sine kontrasterande og intervenerande konstruksjonar er det eit ynske å iscenesette ei oppleving i retning av ibuande og sanselege kvalitetar. Sendstad inviterer dermed til karakterrike situasjonar i møte mellom gamalt og nytt.

KONTRAST? Utanfor musea er inngrep i historiske bygningar ofte både rett og uunngåeleg. Ordet kontrast er mykje brukt i diskusjonar om tilpassing. Korleis kan kontrasterande middel brukast til å formidle og gjera arkitektoniske kvalitetar tydelege? Dette er interessant å utforske også med dei allereie utvalde og utstilte kulturminna. Her er slike permanente inngrep ikkje aktuelt. Dei mellombelse konstruksjonane i KONSTRUKTIV KONTRAST får aldri røre ved dei gamle husa, berre kommentere, tydeleggjere, og kanskje lokke fram ei litt annleis museumsoppleving.

PROGRAM:
14.00     Velkomen ved Ole Aastad Bråten
14.10     Presentasjon av prosjektet ved Ola Sendstad
14.40     Kaffi og småkaker
14.50     Arkitekt Gro Lauvland om prosjektet – frå eit publikumsperspektiv
15.20     Presentasjon av «Flettverk»
15.30     Vandring til installasjonane

Velkomen!

28. juli kl. Foredrag på Bautahaugen om Hedalsdialekta4.-5. august kl. Etnedals-helg på Valdres Folkemuseum