Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Kviisveka

Publisert 08/07/2014

Andre veka i juli inviterer Valdresmusea ungar og vaksne til arbeid, leik og moro på Kviistunet på Valdres Folkemuseum. På jorda omkring garden kan du vera med Einar Tvenge og dei andre arbeidskarane i slåtten. I bygningen serverer Ruth Røn og Magnhild Skjel byggmjølsvaflar og bisk. 

Tidspunkt: Måndag 7. juli – sundag 13. juli

Opningstider/prisar:
• Måndag – sundag klokka 10:00–16:00
• Vaksne kr 90,-
• Student/honnør kr 80,-
• Barn (7–16 år) kr 40,-
• Familiebillett (to vaksne og to barn) kr 230,-

Om Kviistunet  
Det vanlege busetjingsmønsteret er spreidd busetnad. Det finst likevel eksempel på at gardar kan liggje så tett inntil kvarandre at dei liknar på ein tettstad. Kviistunet på museet kjem frå ei slik gardklynge. Fram til utskiftinga i 1908 danna fem tun, med til saman 33 hus, ein liten tettstad like ved Høre stavkyrkje i Vang. Kvie var tingstad på midten av 1600-talet. I perioden 1646–1821 var Kvie skysstasjon og herberge. Til gardane høyrde 12 husmannsplassar. Husa frå Kvie er bygde i åra 1600–1850 og vart oppsette på Valdres Folkemuseum i 1959–1960.  

Aktivitetar:  
• Slåtten: slå, kå, rake og hesje 
• Potetåkeren: luke ugras 
• Urtehagen: luke ugras 
• Dyrestell: fôre gris og høner
• Hogge baksteved og fyringsved
• Tekke tak

29. september kl. 17:00Skummeltur på Bagn Bygdesamling30. september kl. 17:00Skummeltur på Valdres Folkemuseum