Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Sommaropning på Valdres Folkemuseum

Publisert 05/06/2014

Arne& Carlos. Eit ferdaminne
På opningsdagen kan du òg få med deg ein før-vising av utstillinga «Arne & Carlos. Eit ferdaminne», spesialomvising på museumsområdet og i utstillinga «Folkemusikk og nasjonalisme». Kl. 14.30 blir det presentasjon av gamle gjenstandar frå magasina, i Slidrehuset. 

Handverk
I Rognebygningen kan du oppleva folkemusikk og folkedans frå Valdres, medan instrumentmakar Bård Riise Hoel demonstrerer handverket sitt i Lomebygningen. Telgjing av stokkar, smiing, tekking av tak, kakebakst, forteljing og kaffisal i Nystøga står òg på programmet. Og sjølvsagt har Munkekroen open kafé kl 12.00–19.00.

Prisar
Inngang: 90 (vaksne), 80 (honnør) 40 (barn) og 230 (familie)

Velkomen!

 

28. juli kl. Foredrag på Bautahaugen om Hedalsdialekta4.-5. august kl. Etnedals-helg på Valdres Folkemuseum