Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



St. Georg-feiring på Bagn Bygdesamling

Publisert 06/05/2014

Arrangementet i Valdres rullerer mellom speidargruppene på Leira, i Begnadalen og Bagn. I år var det Bagn speidergruppe sin tur. Etter opninga vart speidarane delt i ulike patruljer som gjekk rundt for å løyse oppgåver på dei ulike postane.

Speidararbeidet er allsidig bygd opp og oppgåvene bar også preg av det. Her var det alt frå kunnskap, praktiske oppgåver, fyrstehjelp, hukommelse og drama. Etter ein liten servering med boller og saft, vart legenden om St. Georg og dragen dramatisert. Det er ein spennande forteljing om korleis ridder Georg redda byen frå den vonde dragen. St. Georg-dagen neste år er det Begnadalen speidergruppe som har ansvar for.

13. september kl. 19:00Krigens største illegale avisapparat holdt til i Valdres21.-23. september kl. Norsk munnharpefestival