Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



"1814 i Oppland", foredrag med Tore Pryser

Publisert 04/04/2014

Inngang: gratis for medlemmer i Vennelaget, elles kr 50,-. 
Stad: Valdres Folkemuseum, butikken  
Arrangør: Valdresmusea og Vennelaget for Valdres Folkemuseum

Om bokprosjektet "1814 i Oppland"
Professor Tore Pryser ved Høgskolen i Lillehammer har forska på korleis folk i Christians Amt, dvs. noverande Oppland fylke, oppfatta og tok del i hendingane som førte fram til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. I foredraget fortel han om dei som støtta sjølvstendekampen, om prins Christian Frederiks reise gjennom Oppland, om korleis eidsvollsmennene vart valde, og om opplendingane som tok del i krigen sommaren 1814.

Når Tore Pryser no kjem til Valdres, legg han særleg vekt på å fortelja om valdrisar og vestopplendingar som var aktive i sjølvstendekampen. I arbeidet med boka 1814 i Oppland har Pryser og fagrådet i Opplandsarkivet samarbeidd med representantar for Oppland fylkeskommune, Museumsforum i Oppland, Høgskolen i Lillehammer, Oppland Historielag og Statsarkivet i Hamar. Det er såleis ei grundig og etterretteleg framstilling me kan rekne med å få presentert.

22, 24, 26, 30 juni kl. Valdres Sommersymfoni: fire konsertar på Valdres Folkemuseum2.-8. juli kl. Kviisveka