Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Nytt liv til gamal kvedn

Publisert 02/04/2014

Kverna kjem opphavleg frå garden Moe, gnr. 39, bnr. 4, i Øystre Slidre. Ho vart oppsett på Valdres Folkemuseum i 1927 og har stått på noverande plass sidan 1956. Kverna har etterkvart kome i dårleg forfatning og i vinter sette handverkarane ved Valdresmusea kverna i stand.

Det er Per-Ivar Stensæter, Halstein Nerbye og Fredrik Calmeyer som har utført arbeidet, i samband med laftekurset som musea arrangerte i februar. No er ho på plass att over bekken i «Ulvedalen» på Valdres Folkemuseum. Snart kan ho på ny visast fram og etter kvart koma inn i formidlinga rundt korleis dei produserte mat i tidlegare tider.

 

  

Foto: Odd Arne Rudi, Valdresmusea

8. november kl. Konsert med Waaler Værvågen og Andsnes11. november kl. 18:00Henrik Wergeland og folkemusikken