Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Nynorsk av hjartans lyst

Publisert 11/09/2013

Nord-Aurdal Mållag og Valdresmusea har gleda av å invitere til opning av utstillinga:   

Nynorsk av hjartans lyst – i Valdres      

Fredag 13. september kl. 14.00 på Valdres Folkemuseum
 
Språkåret 2013
I 2013 er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. I det høvet legg regjeringa opp til feiring av språklege skilnader og mangfald i Noreg. Målet med markeringsåret er å gjere nordmenn språkleg rausare med kvarandre. Markeringa skal få fram kva språka og språkbrukarane gir kvarandre, og skape respekt for dei behova ulike språkbrukargrupper har.

Nynorsk av hjartans lyst – i Valdres      
Utstillinga «Nynorsk av hjartans lyst – i Valdres» er eit samarbeid mellom Valdresmusea og Nord-Aurdal Mållag, og står i Velkomstbygget på Valdres Folkemuseum. Utstillinga viser korleis nynorsken er og har vore synleg i Valdres gjennom godt hundre år, både i det offentlege Valdres, i skule, kyrkje, reklame, organisasjonsliv og ikkje minst i litteratur og songtekstar. Vi feirar Språkåret 2013 med å fortelja soga om nynorsken i Valdres.

Mat og drikke
Etter opninga har dei frammøtte høve til å kjøpe mat og drikke i Munkekroen på museet. Peter og Maria serverer norske og danske rettar.

Velkomen!

 

8. november kl. Konsert med Waaler Værvågen og Andsnes11. november kl. 18:00Henrik Wergeland og folkemusikken