Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Landbruksdagen

Publisert 04/09/2013

På Landbruksdagen blir museumsplassen omskapt til ein myldrande fesjå- og marknadsplass. Det blir utstilling av mjølkekyr, kjøtfe med kalv, sauer, geiter og smådyr. Det blir kalvemønstring, riding og køyring med hest. Det blir mogleg å kjøpe lokal mat, både for å kose seg med i løpet av arrangementet, men også for å ta med heim.

Kalvemønstringa er ein attraksjon
15 born har meldt seg på til kalvemønstringa saman med kalvar dei har trena til å gå så roleg som mogleg, og nokon til å gjere ulike triks. Det blir eit tradisjonelt fesjå med mjølkekyr, og i tillegg kjem det kjøtfekyr med kalv av rasane Charolais, Simmentaler og Hereford. Det blir stadig fleire i Valdres som satsar på ammekyr.
 
Hestar og småfe 
Grete Hedalen stiller med ridehestar, og Steinar Erlend Bakken og Toril Sebu har køyrehestar. Toril Sebu vil ha med seg hesten Ruggen, som er den hesten mentor Ola på Farmen kom køyrande med. Det blir mogleg å ri eller sitje på for alle born som ynskjer det. Henning Andre Andersen skal ha gjetarhundoppvisning, og i tillegg blir det geiter og ulike smådyr.
 
Ost og ysting 
Journalisten Helge Gudheim gav tidlegare i år ut ei stor og omfattande bok om ystetradisjonar i Valdres. I boka er det mellom anna ei ordliste med over 3 000 dialektord som handlar om ost og ysting. Helge Gudheim vil halde kåseriet ”ord om ost og ysting” på Landbruksdagen, og det vil bli laga i stand eit bord med smaksprøvar av ulike typar ost. 

Les heile programmet her.

8. november kl. Konsert med Waaler Værvågen og Andsnes11. november kl. 18:00Henrik Wergeland og folkemusikken