Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Etnedølene kjem

Publisert 05/07/2013

Fredag 5. – sundag 7. juli er det tid for tradisjonsrik Etnedalshelg på Valdres Folkemuseum. For trettende året på rad gjev etnedølane liv til husa på museet. Gamle handverk, matlaging, ball på storgarden, gudsteneste, musikk, dans, forteljing og humor er ingrediensar i Etnedalshelg. Flatigarden er ramme omkring aktivitetshelga. Her møter du storbonden, husfrua, reiedeiene og innejentene, som alle serverer saftige historier. Handverkarar og kunstnarar har utstilling i husa.

Det er venta mykje storfint besøk til gards denne helga. Alle vil få ein smakebit av tradisjonskost og tradisjonskultur frå Etnedal. Vi ynskjer gamle og nye deltakarar, utstillarar, underhaldarar og besøkjande velkomen til aktivitetshelg på Valdres Folkemuseum. Program finner du her:

22, 24, 26, 30 juni kl. Valdres Sommersymfoni: fire konsertar på Valdres Folkemuseum2.-8. juli kl. Kviisveka