Jobbe som instrumentmakar?
Publisert 02/03/2013

Ansvarsområde
Du vil få ansvar for nybygging, reperasjon og restaurering av folkemusikkinstrument, i tillegg til å halde deg fagleg oppdatert og halde god fagleg standard på eige ansvarsområde.
Arbeidsoppgåver
- Produsere hardingfeler og langeleikar
- Vedlikehalde og reparere folkemusikkinstrument
- Spreie kunnskap om faget gjennom rådgjeving og opplæring
- Dokumentere historiske instrument
- Samarbeide med andre fagmiljø, lokalt og nasjonalt
Vi gir deg
- Høve til å vere med å utvikle verkstaden
- Høve til samarbeid med etablert instrumentmakar
- Deltaking i nasjonale nettverk
- Innverknad på eige arbeidsområde
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Eit positivt og hyggeleg arbeidsmiljø
- Medlemskap i pensjonsordning
Du gir oss
- God kunnskap i og om instrumentfaget
- God evne til å dele kunnskap
- Initiativ, engasjement og evne til å formidle kunnskap til besøkjande
- Grundigheit og fokus på resultat
- Fleksibilitet når det gjeld andre sesongbaserte oppgåver ved museet
Kvalifikasjonar
- Erfaring med bygging av hardingfeler og langeleikar
- Kunnskap om restaurering av eldre, historiske instrument
- Erfaring med forsking, dokumentasjon og konservering er ein fordel
- Gode samarbeidsevne
Arbeidsstad: Fagernes
Stillingsprosent: 60
For opplysningar om stillinga, kontakt direktør Anne Marit Noraker, mobil 911 03 969. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei pliktene som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Løn etter avtale. Søknad med CV sendast til anne.marit.noraker@valdres.museum.no eller til Valdresmusea, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes.
Søknadsfrist: 1. april