Auka besøk ved Valdres Folkemuseum
Publisert 30/07/2010
Det er ein formidabel auke i besøket ved Valdres Folkemuseum. Dette skuldast både stor interesse for Velkomstbygget og det utvida tilbodet museet har der, men også stort aktivitetstilbod på friluftsmuseet gjennom heile sommaren. Museet har ikkje analysert alle tala enno, men det er veldig triveleg at så mange har besøkt museet. Av dei cirka 20 000 besøkande så langt, er over 4 000 frå andre land, hovudsakleg Frankrike, Nederland og Tyskland.
Takk til alle gode samarbeidspartar gjennom aktivisering av hus og anlegg, Isfolket med alle sine friviljuge og teatergjestar og Jørn Hilme/Strunkeveko med alle sine deltakarar og vakter. Friluftsmuseet har nok ein gong synt seg å vera ein god kultruarena; tradisjonsrik møtestad for moderne menneskje!